Kort fortalt

Har henta 47.875 tonn reiskap frå havet

Det meste kjem frå oppdrettsnæringa.

NPK
22.04.2021

Verksemda Nofir har samla inn og resirkulert 47.875 tonn reiskap dei siste ti åra.

Nofir blei stifta i 2008 med målsetjing om å etablere ei returordning for kassert fiskeri- og oppdrettsreiskap. Sidan den gong har ordninga blitt langt større enn nokon kunne sett for seg. Berre dei ti siste åra har Nofir samla inn 47.875 tonn reiskap og materiale frå fiskeri- og havbruksnæringa frå tjue ulike land og fem kontinent.

– Det meste av dette kjem frå Noreg, og frå oppdrettsnæringa. Det er takka vere ei framtidsorientert og samarbeidsvillig næring som er opptatt av berekraft og fornybarheit vi kan sjå tilbake på eit så godt tiår for oss, næringa og ikkje minst for miljøet, seier dagleg leiar i Nofir, Øistein Aleksandersen i ei pressemelding omtalt hos iLaks.no.

Frå fiskerinæringa resirkulerer Nofir i hovudsak nøter, garn og trål. Frå oppdrettsnæringa vert det vunne att oppdrettsnøter, fortøyingstau, reinsefisk-skjul i tillegg til luseskjørt og presenningar. Også mengder av anna type marint avfall, for eksempel «spøkelsesnett» har blitt sendt inn til Nofir.

Publisert: 22.04.2021 15:47

Sist oppdatert: 22.04.2021 15:48