Har kåra populære arbeidsgivarar
Norske selskap gjer det sterkt.
(NPK-NTB): Norske bedrifter skårar høgt når yrkesaktive nordmenn blir spurde om kven dei reknar som den mest attraktive arbeidsgivaren.
På topp-ti-lista over mest populære arbeidsgivar blant økonomiutdanna, er ni av ti selskap norske, og innan IT er åtte av ti norske, skriv Aftenposten.
Den årlege undersøkinga frå Universum Norge kartlegg dei mest attraktive arbeidsgivarane blant yrkesaktive nordmenn, og nesten 13.000 personar med bakgrunn innanfor mellom anna økonomi-, jus-, ingeniør-, IT- og humaniorastudiar, har svart på undersøkinga i år.
– I år, som dei siste åra, ser vi at norske selskap blir høgt verdsette, seier dagleg leiar Carlo Duraturo i Universum Norge.
Blant økonomiutdanna toppar DNB lista framfor Equinor, medan Google kjem på tredjeplass. Blant ingeniørar er det Equinor som toppar lista føre Norconsult og Multiconsult, medan for jussutdanna toppar politiet framfor tingrettane i landet med Equinor og Utanriksdepartementet på delt tredjeplass.
Blant IT-utdanna er det Google og Microsoft som toppar lista, medan finn.no kjem på tredjeplass. Blant dei som er utdanna innan humaniora toppar NRK lista føre Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
(©NPK)
Publisert: 07.11.2022 09:27
Sist oppdatert: 07.11.2022 09:30