Melshorn Hotell innfelt Linda Haddal Røssevoll foto stian wiik 11
SELT: Linda Haddal Røssevoll (innfelt) har selt Melshorn Hotell som ho har eigd sidan 2012. Foto: Stian Wiik
Kort fortalt

Har selt Hareid-hotellet

27-åring frå Trondheim er kjøpar.

05.11.2025

Bjørn Smedby (27) frå Trondheim er den nye eigaren av Melshorn Hotell i Hareid, skriv Vikebladet Vestposten

Hotellet er i dag utleigd til Hareid kommune, som driv asylmottak på plassen. Eigedomsinvestoren tek over frå starten av januar.

– Eg har ein god dialog med kommunen. Heldigvis er eg ung og har mykje pågangsmot, så viss leigeperioden ikkje blir forlenga, skal eg nok takle det også, seier Smeby til avisa. 

Han held døra ope for at det kan bli vanleg hotelldrift på staden. Verken kjøpar, eller seljar vil opplyse kor mykje eigedomen blei selt for. 

Eigedomen som Linda Haddal Røssevoll tok over i 2012, har vore til sals i lengre tid.

Publisert: 05.11.2025 09:41

Sist oppdatert: 05.11.2025 09:44

Mer om