Kort fortalt

Har testa insektmjøl i settefiskfôr

Er laga av svarte soldatfluelarvar.

NPK
10.10.2023

(NPK): Insekt er ein naturleg del av kosthaldet til villaks. No skal insektstmjøl inn i fôret til oppdrettslaksen.

I eit forsøk har ein testa ut insektmjøl på norsk villaks laga av svarte soldatfluelarvar. Larvane blir prosesserte til olje, mjøl og limvatn, skriv Nofima i ei pressemelding. Det er mjølet og limvatnet som blei testa på den norske settefisken. Mjølet inneheld mykje protein, og forskarane trur limvatnet inneheld mange bioaktive komponentar.

Nofima-forskarar og ein masterstudent ved NMBU målte effekten på fordøying og vekst hjå settefisk i vekstfasen frå cirka 20 til 85 gram.

Forsøka viste at laksen vaks like godt og hadde like god fordøying med limvatn frå insekt som utan. Med 10 prosent insektmjøl i fôret vaks fisken også like godt som med kontrollfôret.

(©NPK)

Publisert: 10.10.2023 13:03

Sist oppdatert: 10.10.2023 13:03

Mer om