Haramsøy-dom om ein månad
Siste dag i retten i dag.
Fredag var siste dagen i retten i saka mellom aksjonsgruppa Nei til vindkraftverk på Haramsøya og utbyggjaren Harm Kraft og staten ved Olje- og energidepartementet.
Aksjonsgruppa krev at konsesjonen blir kjend ugyldig. Olje- og energidepartementet avviser at det har vore feil av betydning ved saksbehandlinga, og dei slår fast at konsesjonen er gitt på rett grunnlag. Dei krev mellombels stans i anleggsarbeidet.
Det er ikkje venta dom i saka før i slutten av april.
Om aksjonen mot vindkraftverk skulle tape i denne rettsrunden, vil det truleg bli vanskeleg å vinne fram med ein anke. Ifølgje Sunnmørsposten er alle politiske vegar prøvd tidlegare.
Aksjonsgruppa meiner det har vore sviktande informasjon og manglande openheit. Eit sentralt poeng for aksjonsgruppa er at fordelane med utbygging er overspelt, medan ulempene er dyssa ned.
I rettssaka i fjor haust var blant anna fuglelivet i området tema, men denne gongen har motstandarane av utbygging fokusert på at samfunnsnytta av utbygginga er langt mindre enn det som har vore hevda.
Det har vore sterkt folkeleg motstand mot vindkraftprosjektet på Haramsøya. Det har vore mange aksjonar retta mot anleggsarbeidet, og politiet har fleire gonger rykt ut for å fjerne demonstrantar.
Motstandarane av vindkraftutbygginga meiner at dei enorme vindkraftturbinane på Haramsfjellet vil øydeleggje øysamfunnet.
Publisert: 26.03.2021 17:29
Sist oppdatert: 26.03.2021 17:31