Kort fortalt

Hareid Group-oppdrag på Myklebust

Skal levere elektroinstallasjonar til trålar.

Marius Rosbach
18.12.2023

Hareid Group har sikra seg kontrakt med Myklebust Verft om bord på trålaren for eit skotsk reiarlag.

Det opplyser selskapet i ei pressemelding.

Oppdraget dreiar seg om å levere komplette elektroinstallasjonar, og inkluderer alt frå elektrodesign og -integrasjon til tavlepakkar, automasjonsanlegg, system for power management, brukonsollar og installasjon.

Oppdraget om bord på den 73 meter lange trålaren, er planlagt kring årsskiftet 2025/26, blir det opplyst i meldinga.

Verdien på avtalen blir ikkje opplyst. NETT NO fortalde nyleg at Hareid Group har bygd opp ei solid ordrebok for neste år.

Myklebust Verft er mellom fleire verft, som no aukar arbeidsstokken for å levere nye oppdrag.

Publisert: 18.12.2023 11:44

Sist oppdatert: 18.12.2023 11:44

Mer om