Rekrutteringsboom for skipsbyggjarane
Nye oppdrag gir stort behov for folk. Verftsdirektør uroa for generasjonsskifte og langsiktig rekruttering.
Nye kontraktar for fleire verft på Nordvestlandet, gjer at behovet for fleire tilsette no er stort i den maritime industrien. Etter fleire år med slunkne ordrebøker, er det no fleire nybygg og ombyggingar på veg inn til dokkene og kaiene i regionen.
Ei ringerunde NETT NO har gjort til fleire av verfta viser at rekrutteringsarbeidet går på høggir. I Ulstein Group kan HR-direktør Sølvi Gjerde fortelje at dei no har utlyst stillingar i alle sine norske selskapa. Det kan ho ikkje huske har skjedd før.
– Alle dei seks norske selskapa våre har utlyst stillingar nå, og vi ser ein trend med at fleire som har jobba i Ulstein tidlegare, no søker seg tilbake, fortel ho.
«Enormt mykje forskjellige behov»
Ulstein Verft skal ha inn fleire skrog til utrustning det neste året. Det første – eit vindskip til Olympic-reiarlaget i Herøy – kjem allereie om kort tid.
Oppsvinget i aktiviteten på fleire hald gjer at det er «enormt mykje forskjellige behov», ifølgje HR-direktøren.
For det første treng verftet folk i alle fagdisiplinar til produksjonen. I tillegg trengst alt frå elektrikarar, til ulike leiar- og støttefunksjonar - og enda til ei stilling som kommunikasjonsmedarbeidar, er mellom stillingane konsernet ute for tida.
– Det er eit løpande arbeid der vi rekrutterer heile tida, fortel Gjerde.
– Meir krevjande å rekruttere
Når det er mange om beinet – blir også kampen om folka tøffare. Det merkar dei også i Ulstein Group.
– Det er meir krevjande å rekruttere no, enn det har vore, og enkelte stillingar tek lengre tid å få tilsett, legg HR-direktøren til.
Dei seks norske selskapa i skipsbyggjarkonsernet har i dag kring 270 fast tilsette i arbeid. Av desse jobbar om lag 100 i produksjonen på verftet i Ulsteinvik.
Myklebust skal bemanne opp
Myklebust Verft har mest å gjere med reparasjon og vedlikehald for tida. Samtidig har dei sikra seg kontrakt på bygging av ein 73 meter lang trålar for eit skotsk fiskebåtreiarlag.
Avtalen var den første nybyggingskontrakten som Kristin Hide signerte som verftssjef på Sande-verftet. Ho fortel at verftet har 120 tilsette i arbeid og skal opp i aktivitet.
– Vi er ute og rekrutterer og har høg aktivitet. Samtidig merkar vi stor interesse både for bygging av nye båtar og ombyggingar, seier ho til NETT NO.
Sjølv om dei også opplever at det er «større kamp om hovuda», har dei til no hatt bra med søkjarar på stillingane dei har hatt ute.
Treng folk i alle avdelingar
Fiskerstrand Verft er også på utkikk etter fleire enn dei 115 tilsette verftet har i dag. Verftsdirektør Dag Vikestrand fortel at dei søker etter folk til alle produksjonsavdelingane.
Sula-verftet har hatt bra aktivitet med ombyggingar og reparasjonar det siste året. Nyleg sikra dei seg jobben med å bygge om ferja Fanafjord.
Vikestrand fortel at det ikkje berre er auka aktivitet som gjer at dei treng fleire tilsette.
– Vi må også fornye arbeidsstokken for å kunne erstatte dei som etterkvart blir pensjonistar, fortel han.
– Høg snittalder på fagfolka
Kombinasjonen av fleire år med låg rekruttering til yrkesfaga i skipsbyggarbransjen og eit komande generasjonsskifte, gjer han uroa for rekrutteringa framover.
– For at vi framleis skal ha verft i drift her til lands på lengre sikt, så er utdanning av fleire fagarbeidarar veldig viktig. Mange av verfta begynner å få ein relativt høg snittalder på fagfolka sine, fortel Vikestrand.
– Det å skaffe fleire fagarbeidarar, vil etter mitt skjønn bli ei av dei største utfordringane for bransjen i åra framover, legg han til.
Blir større kamp om dei unge
Korleis utfordringa kan løysast finst det naturleg nok fleire svar på. Vikestrand meiner det mellom anna handlar om å legge til rette for å ta inn lærlingar – og sørge for at dei blir verande i bransjen.
Han viser også til at ein del samarbeid mellom skule, kommune og næringsliv delvis fall vekk under koronapandemien, og ikkje er kome på plass igjen. Dette må først og fremst verfta og næringslivet sjølve ta tak i, meiner han.
– Å vere eksempelvis rørleggjar eller maskinmontør på eit verft, er eit fantastisk yrke. Men vi har for få av dei. Og framover blir det større kamp om dei yngre kulla – som samtidig blir færre og færre, påpeiker han.
Publisert: 08.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 08.12.2023 07:14