Hav Group skriv i ei børsmelding at datterselskapet Hav Design skal levere design- og ingeniørtenester til eit fartøy selskapet tidlegare har designa.
Kven som er kunden og kvar fartøy det er snakk om blir ikkje opplyst.
Heller ikkje storleiken på kontraken i kroner blir opplyst, men selskapet skriv i børsmeldinga at slike oppdrag typisk er på mellom 10 og 20 millionar kroner.
Ombygging og oppgradering har blitt eit interessant alternativ for skipseigarar, som i sin tur opnar ein interessant marknad for skipsdesignarar, ifølgje børsmeldinga.
Publisert: 02.03.2026 09:15
Sist oppdatert: 02.03.2026 09:15






