Kort fortalt
Hav held fram med tilbakekjøp av aksjar
Selskapet eig no sjølv 9,44 prosent av dei uteståande aksjane.
Linn Antonie Vårdal Solheim
03.08.2023
Det melder selskapet i ei børsmelding torsdag.
Tilbakekjøpet av aksjar skjer i samband med tilbakekjøpsprogrammet selskapet meldte om i slutten av mai.
Per dags dato eig HAV Group 3.304.840 aksjar i eige selskap, tilsvarande 9,44 prosent av dei tilgjengelege aksjane.
Selskapet planlegg å halde fram med tilbakekjøpa fram til nye instruksjonar kjem ved neste års generalforsamling, og øvre grense for eigarskap er sett til 10 prosent, eller 3.500.000 aksjar.
Publisert: 03.08.2023 12:36
Sist oppdatert: 03.08.2023 12:37