Kort fortalt

Havarikommisjonen-rapport

Liten sprekk i tannhjul utløyste Turøy-ulykka.

28.04.2017
NPK-NTB:Ein sprekk i tannhjulet var byrjinga til trøyttleiksbrotet som utløyste Turøy-ulykka. Den var så liten at det var umogleg å oppdage før rotoren vart riven av.
Det er hovudteorien til Statens havarikommisjon, som fredag legg fram sin førebelse rapport i samband med at det har gått eitt år sidan helikopteret styrta, skriv .
Tjukkleiken på tannhjulet der trøyttleiksbrotet oppstod, er cirka 1 centimeter.
– Kor lang tid det gjekk før sprekken fekk ein kritisk størrelse, veit eg ikkje. Men årsaka til denne ulykka er at eit tannhjul som dette, sprakk. Det førte til kollaps i girboksen og at rotoren vart riven av, seier Jon Sneltvedt i Statens havarikommisjon for transport.
Sprekken voks også på langs. Den fortsette å utvikle seg utan at det fall av metallavskalingar, som ville blitt fanga opp av varslingssystema til helikopteret.
13 personar omkom då Super Puma-maskinen styrta utanfor Turøy. Helikopteret var på veg frå Gullfaks B til Flesland.

Publisert: 28.04.2017 12:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42