Kort fortalt

Havbruksmeldinga: Treffer ikkje blink

Sjømatnæringa vil ha ei betre ordning.

28.09.2023

(NPK-NTB): Sjømatnæringa seier Havbruksutvalet foreslår mykje rett for oppdrettsnæringa, men ikkje treffer blink. Dyrevernarar meiner utvalet gløymer sjølve fisken.

Torsdag overrekte Havbruksutvalget utgreiinga si til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap). I ein omfattande rapport går utvalet gjennom mange sider ved måten fiskeoppdrettet skjer i Noreg.

– Utvalet har vurdert eit krevjande sakskompleks som har mykje å seie for Noregs største eksportnæring etter olje og gass. Det er med andre ord eit viktig arbeid som no er gjort, seier Skjæran.

Utvalet vart nedsett av Solberg-regjeringa for å vurdere utforming av eit heilskapleg løyvesystem, som både varetek omsynet til ei berekraftig utvikling av akvakulturnæringa. Den nye regjeringa førte vidare utvalet og utvida mandatet med å vurdere moglegheitene for ein meir berekraftig vekst.

– Grunntanken til Havbruksutvalget er i samsvar med prinsippa til Sjømatbedriftene. For å seie det slik: Dei har komme på rett standplass og skyt mot dei rette blinka, men treffer ikkje blink, No skal dette no kjem til politisk behandling, og vi skal hjelpe politikarane med å skru sikte slik at ein treffer blink, og får ei ordning som monnar, seier administrerande direktør Robert H. Eriksson i Sjømatbedriftene.

Dyrevernalliansen reagerer på at Havbruksutvalget ikkje er meir konkrete i forslaga sine til å betre velferda for fisken dette gjeld.

– Ei husdyrnæring der ein av fem dyr døyr i løpet av produksjonen kan ikkje kallast berekraftig. Dersom oppdrettsnæringa skal ha håp om å bli berekraftig i framtida, må styresmaktene stille krav som gjer det lønnsamt å redusere dødelegheita og betre dyrevelferda, seier kommunikasjonsleiar Lise Kleveland.

Rapporten frå havbruksutvalet blir no send på høyring med frist 2. januar neste år.

(©NPK)

Publisert: 28.09.2023 14:46

Sist oppdatert: 28.09.2023 14:46

Mer om