Kort fortalt

Havforskinga ikkje på tokt med Røkke

Men skal samarbeide rundt forskingsskipet.

25.02.2019
NPK: Havforskingsinstituttet skal samarbeide med Kjell Inge Røkkes nye forskingsskip Rev om utstyr, toktplanlegging og datainnsamling, men skal ikkje sjølv delta i tokta.
– VI skal ikkje drive båten eller vere om bord på tokta deira, for det har vi ikkje kapasitet til, understrekar administrerande direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet overfor Fiskeribladet.
Havforskingsinstituttet har inngått ein samarbeidsavtale med Røkke-selskapet Rev Ocean om forskings- og ekspedisjonsskipet Rev. Skroget er no er under bygging og skal ferdigstillast hos Vard Brattvåg i 2021.
– Det er dei institusjonane som ikkje har forskingsskip, som verkeleg kjem til å dra nytte av Rev, som blir eit førsteklasses supplement til forskinga verda rundt, seier Rogne. Ho ser det likevel som eit stort pluss at fleire er med på forskinga og samarbeider og samordnar resultat og data.
Det 182 meter lange skipet har ein prislapp på rundt 2,5 milliardar kroner. Det er Røkke-selskapet Rosselinis Four-10 som har bestilt skipet. Reiarlaget høyrer heime i flaggstaten Grand Cayman, men skipet skal etter planen meldast inn i Norsk Skipsregister.
Ifølgje Fiskeribladet skal skipet opphavleg ha vore teikna som luksusyacht og seinare teikna om til eit kombinert ekspedisjons- og forskingsskip på 182 meter.
Sjølv om Havforskingsintstiuttet ikkje sjølv skal drive forsking på Rev, opnar avtalen for samarbeid om forsking og om forskingsinfrastruktur. Mellom anna er det aktuelt å kopla saman Røkkes Ocean Data Platform med Norsk maritimt datasenter, som Havforskingsinstitutt driv. Det kan òg bli aktuelt å bytelåne vitskapleg utstyr og reiskapar.

Publisert: 25.02.2019 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35