Kort fortalt

Havforskinga vil fange djupvassfisk

Undervurdert ressurs i nye artar.

18.02.2019
(NPK): Rare djupsvassfiskar som lysprikkfisk, laksesild og perlemorsfisk kan vise seg å vere ein kjemperessurs både som menneskemat og i oppdrettsfôr, trur Havforskingsinstituttet.
Havforskarane trur no dei har undervurdert mengda og potensialet i dei mesopelagiske fiskeslaga, artar som lever på 200– 1.000 meters djup. Mengda kan vere ti gonger større enn tidlegare overslag, skriv Bergens Tidende.
– Noko av det er det eg kallar grafs, men mange av dei små fiskane er rike på protein og feitt, og det treng verda meir av. Oppdrettsnæringa treng fleire ingrediensar til fôr. Moglegheitene er store, og Havforskingsinstituttet vil gjennomføre ei strategisk satsing for å ta ut dette potensialet, seier direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet til avisa.
Rogne ser mellom anna behov for å utvikle effektiv fangstteknologi, kartleggje kor konsentrasjonen av fisk er størst, og ikkje minst korleis ein kan hauste av dei mesopelagisk artane på ein berekraftig måte.
– Mesopelagisk fisk er ein enorm ressurs vi kan utnytte. Viss oppdrettsproduksjonen skal femdoblast fram mot 2050, slik ambisjonen er, treng næringa auka tilgang på marint råstoff. Men for å ta ut dette potensialet, trengst det eit løft innanfor forsking og utvikling, seier Rogne.
Havforskingsinstituttet har spelt inn det store potensialet som ligg i utnytting av mesopelagisk fisk til den nasjonale bioøkonomistrategien, som regjeringa la fram tysdag. (©NPK)

Publisert: 18.02.2019 16:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43