Kort fortalt
Havilafjord gjenoppstår
Nytt Sævik-selskap.
Marius Rosbach
12.01.2022
Namnet Havilafjord blir vidareført i eit nytt selskap eigd av Sævik-familien i Herøy.
Før jul blei selskapet som tidlegare heitte Havilafjord sletta, men 11. januar dukkar selskapsnamnet opp att i kunngjeringane frå Brønnøysund.
Selskapet som tidlegare heitte Havila Newco blei oppretta som eit «hylleselskap» april 2021. Formålet er å investere i andre selskap.
Det tidlegare Havilafjord-selskapet blei oppretta i 2011 og var Sævik-familien sitt eigarselskap i Fjord1-reiarlaget.
Publisert: 12.01.2022 09:31
Sist oppdatert: 12.01.2022 09:34