Kort fortalt
Havilafjord er historie
Selskapsnavn forsvinner etter fusjon.
Marius Rosbach
04.01.2022
Selskapet Havilafjord eksisterer ikkje lengre, etter sletting frå Brønnøysundregisteret.
Havilafjord blei oppretta i 2011 og har vore Sævik-familien sitt eigarselskap i Fjord1. I slutten av desember blei selskapet fusjonert inn i Havila Holding.
Fjord1-reiarlaget blei tatt av børs i fjor etter at Sævik-familien kjøpte ut dei andre aksjonærane. Det er oppretta nye eigarselskap for den vidare satsinga i Fjord1. Planen er at Herøy-familien skal eige halvparten av det nye reiselivsselskapet, og deira amerikanske partnar i Ridge Vision Partners skal eige den andre halvparten.
Publisert: 04.01.2022 09:27
Sist oppdatert: 04.01.2022 09:29