Kort fortalt

Havvind treng titusenvis av årsverk

Rapport peiker på kva kunnskap og personell industrien treng.

NPK
15.10.2024

(NPK): Med målet om tildeling av havvindområde som svarer til 30 GW installert kapasitet innan 2040 står Noreg overfor eit stort behov for arbeidskraft og industriell kapasitet, ifølgje ein ny rapport frå Nasjonalt kompetansesenter for havvind og Norsk Industri.

– Denne rapporten har identifisert kva kompetanse og kapasitet for personell som trengst for å realisere dei store norske ambisjonane for havvind. Innsikta vil gi utdanningsinstitusjonane våre, leverandørindustri, utbyggjarar og styresmaktene eit grunnlag for det vidare arbeidet for å realisere måla om nye arbeidsplassar og verdiskaping i ei framtidsretta og viktig næring, seier Runar Rugtvedt, bransjesjef i Norsk Industri Offshore, i ei pressemelding.

Vindkomp-rapporten reknar med at utviklinga av flytande og botnfast havvind vil krevje titusenvis av årsverk fordelt på heile verdikjeda.

Over ei levetid på 41 år vil ein flytande havvindpark på 1.5 GW krevje 22.150 årsverk, medan ein botnfast havvindpark på same storleik vil krevje 19.400 årsverk.

Majoriteten av årsverka vil vere operatørar og teknikarar, med 65 prosent av arbeidsstyrken, etterfølgd av ingeniørar (18 prosent) og maritimt mannskap (10 prosent).

Analysane viser at det ligg an til å bli ei rask opptrapping av etterspurnad etter kapasitet fram mot 2030. Deretter vil det bli ein meir stabil auke fram til eit toppunkt på over 15.600 årsverk i åra 2038 og 2039.

(©NPK)

Publisert: 15.10.2024 10:23

Sist oppdatert: 15.10.2024 10:35

Mer om