Kort fortalt

Heimekontor kan hemme lønn og karriere

Tilsette kan bli hengande etter.

16.10.2023

(NPK-NTB): Dersom du jobbar frå heimekontor, kan du bli hengande etter både med tanke på lønn og karriere, viser ny forsking om konkurranse på arbeidsplassen.

Når arbeidsgivar vurderer om tilsette skal få høgare lønn eller stillingsopprykk, blir dei også rangerte ut frå faktorar som fysisk nærvær på arbeidsplassen og omfanget av permisjonar – sjølv om dette ikkje er ein del av arbeidskontrakten.

– Vi meiner å kunne bevise at slike fenomen kjem av «implisitt konkurranse» på arbeidsplassen, seier Julian Johnsen til Aftenposten.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen og har studert lønnsutviklinga til norske menn saman med professor Hyejin Ku frå University College London og professor Kjell G. Salvanes frå Noregs handelshøgskole.

Artikkelen deira er den første til å hevde, og ifølgje forskarane bevise, at forskjell i lønn heng saman med kor mykje dei tilsette er fysisk til stades på arbeidsplassen.

– Du går du glipp av noko når du ikkje møter på arbeidsplassen. Vi meiner arbeidsgivarane gjennomfører ei rangering, seier Johnsen.

Forskarane har ikkje grunnlag for å seie om det skjer medvite eller umedvite.

(©NPK)

Publisert: 16.10.2023 07:26

Sist oppdatert: 16.10.2023 07:26

Mer om