Held renta i ro
Noregs Bank held styringsrenta uendra på 4,5 prosent.
(NPK-NTB): I tråd med forventningane til ekspertane, blir styringsrenta ståande på 4,5 prosent. Det kunngjorde sentralbanksjef Ida Wolden Bache torsdag.
I desember sette Noregs Bank opp renta til 4,5 prosent, trass forventningar om at ho kom til å bli liggjande i ro. Samtidig var signalet frå sentralbanksjefen at toppen no sannsynlegvis var nådd, og at styringsrenta kjem til å liggje høgt «ei god stund framover».
Noregs Bank har sett opp styringsrenta 14 gonger sidan klatringa frå det historiske nullnivået starta hausten 2021. Tolv av aukingane har funne stad på Baches vakt. Det er særleg to faktorar som bekymrar banken: Den relativt høge prisveksten på 4,8 prosent, og den svake kronekursen.
Publisert: 25.01.2024 10:06
Sist oppdatert: 25.01.2024 10:24