Helland Møbler tilbake i pluss
Betre fjorår for Stordal-bedrifta.
Helland Møblar hadde eit langt betre fjorår, enn dei føregåande åra, viser årsmeldinga.
Konsernet hadde rekordomsetning i fjor på 102 millionar, og fekk eit resultat før skatt på meir enn fem millionar (sjå tabell under).
Det er hyggelege tal etter to år med underskot for konsernselskapet.
Helland Møbler (konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 102,3 | 83,6 |
Driftsresultat | 7,6 | -3,6 |
Res. før skatt | 5,7 | -4,1 |
Hovudselskapet er Helland Møbler som satsar mot institusjonar. Grunna eldrebølgja er marknaden i vekst og styret vurderer framtidsutsiktene som gode.
Ukraina-krigen skapar samtidig usikkerheit og tilgangen på råstoff er utfordrande. Den galopperande kostnadsutviklinga som selskapet opplevde i 2022, har no roa seg, heiter det i årsmeldinga.
Møbelfabrikanten har sidan 2015 hatt produksjonen i Estland der dei har eige dotterselskap. Hovudkontor, sal- og produktutvikling er i Stordal.
Joakim Helland eig morselskapet Helland Eiendom saman med broren Runar og faren Sindre. Konsernselskapet har drygt 50 millionar i eigenkapital og knappe 22 millionar i langsiktig gjeld.
Publisert: 27.07.2023 11:26
Sist oppdatert: 27.07.2023 11:26