Kutt og permittering i møbel
Hos Formfin er det halvdagsveke. Berre éi bedrift i møbelindustrien fortel om ledig jobb.
- Vi merka endringa litt før ferien (i 2022, red. merk) og så har vi hatt jamnt mindre å gjere kvar månad, seier dagleg leiar og medeigar Geir Ove Vegsund i Formfin Møbler i Sykkylven til NETT.NO.
Dei om lag 40 tilsette i produksjonen hos stol- og sofaprodusententen i ved Hundeidvika, jobbar no to dagar den eine veke og tre den andre.
Siste veka før jul blei dei tilsette permittert 50 prosent. Dermed er det halv bemanning i fabrikken i arbeidstida - og slik skal det halde fram på ubestemt tid.
Den første avklaringa om korleis det blir kjem når tala frå januar-salet er klare.
NETT NO har snakka med dei fleste møbelprodusentane på Nordvestlandet, og Geir Ove Vegsund si vurdering av utsiktene framover er det mange som deler:
- Vi er svært usikre på utviklinga vidare, seier han.
Ekornes-smell
Onsdag kom Ekornes-konsernet med den dystre meldinga om at 190 tilsette i Noreg kan miste jobben.
I og med at både hovudkontoret og dei største anlegga i Noreg ligg i Sykkylven, er det klart at det er der flest blir råka av dei norske tilsette.
Ringerunda NETT NO har gjort viser at det ikkje ventar flusst med ledige jobbar hos andre i møbelbransjen.
Ikkje rom for fleire hos L.K. Hjelle
- Vi har
ikkje umiddelbare planar om å auke bemanninga. Slik situasjonen er no er
det ikkje rom for det, seier dagleg leiar Jens Petter Brunstad i L.K.
Hjelle.
L.K. Hjelle gjekk ut av 2022 med ein auke på to-tre prosent i driftsinntektene, og har heile arbeidsstokken i arbeid. I dag er det 31 tilsette i selskapet.
Selskapet sel delvis i kontraktsmarknaden, der bedrifter og offentlege aktørar er kundane, og delvis til privatkundemarknaden. Det er i privatkundemarknaden det merkast at det går tregare.
- Det er litt meir spennande enn vi set pris på. Det er uvissa som er den største utfordringa, seier Brunstad om situasjonen nett no.
Det er uvissa som er den største utfordringa
Fleire har permitteringar
Hos møbelprodusenten Brunstad i Sykkylven har ni av 35 tilsette i produksjonen vore permittert sidan oktober.
Sitwell i Stordal, med 12 tilsette, starta 2023 med tredagarsveke på ubestemt tid.
Fjord Furniture i Molde har 7-8 tilsette på sin fabrikk på Dokka 50 prosent permittert.
Stordal Møbel med i alt 40 tilsette har firedagars veke i produksjonen.
Tonning og Stryn i Stryn, med i alt 14 tilsette, har delvis permittering der dei tilsette i produksjonen arbeider to dagar den eine veka og tre den andre.
Håvard Tandstad i Stjernemadrassen og Møbeltre har i alt fem permitterte.
Madrassprodusenten Wonderland hadde firedagarsveke i 10 veker i fjor haust, men har alle i fullt arbeid no.
Har hatt vekst og auka lønsemd
Møbelindustrien fekk vekst og auka lønsemd i 2021.
Den gode marknaden held fram utover i 2022, før det endra seg for produsentane som rettar seg mot møblar til privatkundemarknaden.
Slettvoll Møbler-sjef Bjørn Helge Vik har ingen permitteringar, men er spent på utviklinga.
- Vi merkar at marknaden er tilbakehalden, men det starta ikkje no, det starta i juni 2022, seier han.
Slettvoll-konsernet har fabrikk på Stranda og butikkar i Noreg,
Sverige og Danmark.
Driftsinntektene var rekordhøge i 2021, og steig ytterlegare 1,5 prosent i fjor, men i år budsjetterer selskapet med ein reduksjon.
God kontraktsmarknad
Bedriftene som først og fremst lagar møblar for den såkalla kontraktsmarknaden - der kundane er bedrifter og offentleg institusjonar - er betre stilt enn møbelprodusentane som rettar seg mot privatmarknaden.
Fora Form i Ørsta er ein av produsentane i kontraktsmøbelmarknaden. Det er ingen teikn til av det dabbar av å sjå i ordreinngangen, seier Fora Form-sjef Thomas Haram.
Samstundes understrekar han at dei er spente på utviklinga framover.
Hos Vad og Helland Møbler er status den same som hos Fora Form. Så langt ser det bra ut.
Også innreiingsprodusentane Rovde Møbel og Design, Feel Free Productions og garderobeinnreiingsspesialisten Langlo har tråkka på bremsa.
Har jobb å tilby
Sjølv om berre ein del av møbelprodusentane på Nordvestlandet har permittert, eller sagt opp folk, er det langt mellom bedriftene som seier dei vil tilsette fleire.
Etter å ha snakka med leiarane for 18 bedrifter er det berre ei bedrift, Nesje i Molde som har jobb å tilby.
- Vi har ikkje hatt tjukkare orderbok på mange år, seier dagleg leiar og medeigar Ragnhild Nesje.
Kjem det ein dyktig møbelsnekkar forbi vil ho eller han få arbeid på dagen, legg ho til Nesje.
Selskapet, med berre 14 tilsette, har mellom anna har stått for innreiinga av den nye tingretten i Molde og Nasjonalmuseet i Oslo.
Pandemien var ei trasig tid, men selskapet har fått det desto meir travelt no.
Over 2019-nivå
- Første og andre kvartal blir
ganske tøffe, seier bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens
Bransjeforening om utsiktene for møbelindustrien i 2022.
Designindustriens Bransjeforening omfattar også møbelindustrien.
Sjølv to og eit halvt år med boom for møbelindustrien i koronatida er over meiner Sundet det er feil å kalle situasjonen ei krise.
- Det er for tidleg å seie at 2023 blir eit kriseår, seier Sundet.
Inntektene i bransjen er framleis over 2019-nivået - siste året før koronapandemien kom og held folk heime og sette fart på møbelsalet.
Buttar i Europa - framleis fart i USA
Bedriftene
som arbeider inn mot kontraktsmarknaden har framleis ikkje hatt
tilbakegang og eksporten frå norske møbelprodusentar har auka dei siste
åra.
- Eksporttala til og med november er opp 11 prosent i høve til 2021, seier Sundet.
No buttar det i mot i eksporten til Europa, medan det framleis er
fart i USA. Sundet håpar den tyske straumstøtteordinga skal medverke til
å gi ny fart i den viktige tyske marknaden.
Uvissa, som fleire av møbelindustri-leiarane peikar på, har mellom anna den verknaden av kundane set kjøp av større kapitalvarer - som møblar - på vent, seier Sundet.
- Alle opplever uvisse. Det vil prege etterspørselen også i 1. halvår, seier han.
Publisert: 06.01.2023 11:01
Sist oppdatert: 06.01.2023 22:51