Kort fortalt

Helseministeren: – Dropp handtrykket

Regjeringa skjerpar kontrollen.

19.11.2021
(NPK-NTB): Helseminister Ingvild Kjerkol ber folk slutte å handhelse og gå tilbake til å helse med olbogen.

– Mange av oss har byrja å handhelse igjen etter å ha brukt olboge, hand til hjartet, nikk og smil i halvtanna år. Eg vil no oppmode alle til å droppe handtrykket og gå tilbake til den smittefrie måten å helse på, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) på ein pressekonferanse fredag.

Helseministeren seier regjeringa ikkje vil innføre nye nasjonale tiltak no, men seier dette kan vere rett rundt hjørnet dersom folk ikkje følgjer tilrådinga om å halde seg heime dersom dei er sjuke. Mellom anna blir kontrollen ved grensene skjerpa.

På pressekonferansen kunngjorde regjeringa òg korleis koronapass skal takast i bruk innanlands. Dette er ikkje eit nasjonalt tiltak, men eit tiltak som kan innførast i kommunar og område med mykje smitte.npk

Publisert: 19.11.2021 13:49

Sist oppdatert: 19.11.2021 13:54

Mer om