Kort fortalt

Hentar heim møbelproduksjon

Slettvoll Møbler lagar meir på Stranda.

NPK
22.07.2021

NPK: Møbel- og interiørkjeda Slettevoll har alltid produsert sitjemøblar på Stranda. No blir det meste av anna sortiment òg henta til Sunnmøre.

Slettevoll har henta heim det mest av all produksjon av innandørsmøblar.

Dette skriv Finansavisen og Sunnmørsposten.

– Lokal produksjon er viktig for oss, seier dagleg leiar i Slettevoll, Bjørn-Helge Vik.

Han omtalar det som eit strategisk val.

– Kompetansen vår lokalt er veldig høg, og i koronaåret har vi på mange måtar sett kor viktige dei lokale underleverandørane er. Dei fleste er i Stranda og Sykkylven. Ved å samle så mykje som mogleg i Noreg, blir det lettare tilgang til komponentar og produksjonsmateriell.

– Dessutan har vi vore heldige og budd i ein del av verda der fabrikkane har vore opne, og vi har hatt full produksjon, utanom ein kort periode i april-mai i fjor. Så å samle all produksjon og produksjonsutvikling heime, har hatt stor verdi, seier Vik.

Publisert: 22.07.2021 13:31

Sist oppdatert: 22.07.2021 13:33