Herøyhav 1
STORFANGST: «Herøyhav» har hatt ein makrellsesong over all forventing. Søndag vart det storfangst. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Herøybåt med rekordfangst

Truleg mest verdifulle tatt av ein norsk fiskebåt nokon gong.

16.09.2024

«Herøyhav» har truleg sikra seg den mest verdifulle fangsten tatt av ein norsk fiskebåt nokon gong på levering av fersk fisk, ifølgje Sunnmørsposten.

Det gjeld 900 tonn makrell, og med ein kilopris på nærare 25 kroner er verdien over 20 millionar kroner.

Eit bomkast, eit middels kast og eit kast med storfangst var det som skulle til for å fylle båten etter at dei la ut frå Shetland tidleg søndag.

– Vi vil gjere oss ferdig med kvoten og valde å gå til britisk sone. Det var ein sjanse å ta sidan det ikkje har vore mange andre båtar som har prøvd der før i år, seier skipper Anders Remøy til avisa.

Norges Sildesalslag stadfestar til avisa at det er ein fangst i noregstoppen.

Publisert: 16.09.2024 15:17

Sist oppdatert: 16.09.2024 16:08

Mer om