Hexagon Purus sel eit av sine heileigde dotterselskap til Space Exploration Technologies Corp. («Spacex»), ifølgje ei børsmelding.
Aksjekursen var opp drygt fire prosent ein halvtime inn i handelen på Oslo børs fredag morgon.
Salet av 100 prosent av aksjane i Hexagon Masterworks Inc. tilfører selskapet 15 millionar dollar – eller nær 150 millionar kroner. Dotterselskapet har jobba med høgtrykkstankar i kompositt til luftfart og romfartsapplikasjonar i Nord-Amerika.
Verksemda med hydrogentankar er ikkje ein del av transaksjonen, og vil bli overført til andre delar av Hexagon Purus. Salet er ein del av selskapet sin pågåande gjennomgang av porteføljen og vil finansielle stilling og utvide likviditetsbanen, blir det opplyst.
Publisert: 06.02.2026 09:19
Sist oppdatert: 06.02.2026 09:42






