Kort fortalt

Historisk lite optimisme

Norske forbrukarar er meir pessimistiske enn nokon gong.

16.12.2022

Frå november til desember har folk fått litt meir tillit til økonomien. Trua på ein betre økonomi om eit år er styrkt, men pessimistane er enno i fleirtal.

Nye tal frå Forbrukertillitsindeksen (CCI) vart fredag lagt fram av Opinion.

– Nordmenn har aldri vore i nærleiken av å ha så lita tru på eigen og landet sin økonomi, og ha så låge kjøpsforventningar, som dei har hatt det siste året. Det seier ein del om kor djupt dei ulike krisene vi er inne i no, stikk, seier Henrik Høidahl, fagsjef for politikk og samfunn i Opinion.

Gjennom 2022 har det vorte målt rekordlåg tru på økonomien, månad etter månad, men i november og no i desember har tilliten styrkt seg noko. I desember er CCI på minus 27,3 poeng, viser den siste målinga, noko som framleis er historisk lågt.

Når CCI er negativ, er det fleire pessimistar enn optimistar. Når har CCI vore i minus 14 månader på rad. Under koronakrisa, oljepriskrisa og finanskrisa var tilliten også i minus, men ikkje så ekstremt negativ som no.

Og no er det eigen økonomi folk er mest bekymra for.

– Tidlegare kriser har først og fremst vore kjenneteikna av ei bekymring for økonomien i landet. Biletet har sett heilt annleis ut i 2022, seier Høidahl.

Opinion meiner den vesle auken i forbrukartillit dei to siste månadene i år kan komme av forventningar om at rentetoppen snart kan vere nådd, at straumprisane ikkje blir så høge i vinter som først frykta, og ei tru på at vi utover i 2023 kan gå noko lysare tider i møte.

Publisert: 16.12.2022 10:54

Sist oppdatert: 16.12.2022 10:56

Mer om