Kort fortalt

Hofseth Biocare flyttar nytt patent

Kandidat til legemiddel mot astma.

Marius Rosbach
02.07.2024

Hofseth Biocare flyttar eit nytt patent til selskapet HBC Immunology, som gir gevinst på 7,4 millionar kroner for selskapet, ifølgje ei børsmelding.

Forsking-og utviklingsarbeidet for å utvikle fleire legemiddel er skilt ut i selskapet HBC Immunology, der Hofseth Biocare er majoritetseigar.

Patentet som blir no blir overført gjeld ein medikamentkandidat for effekten av lakseolje på astma, ifølgje meldinga.

Aksjekursen til Hofseth Biocare såg ikkje ut til å bli påverka av meldinga. Ved 11-tida er kursen ned ein halv prosent til 2,010 kroner.

Etter at kursen ei kort periode var over ti kroner i 2020, har det gått jamt nedover. Nivået tysdag er det lågaste sidan sommaren 2018.

Publisert: 02.07.2024 10:46

Sist oppdatert: 02.07.2024 10:46

Mer om