Kort fortalt

Hofseth kjøper halvparten av prosessbåt

– Er framtida i oppdrettsnæringa.

31.05.2021

Hofseth International kjøper 49 prosent av prosessbåten «Taumar», ifølgje ei pressemelding omtalt i Fiskeribladet.

Båten skal bløgge fisken ved Hoseth sine anlegg, og skal også tilby sortering i samband med slakting hos andre oppdrettarar.

– Det er ingen tvil om at prosessbåtar er framtida i oppdrettsnæringa, uttalar konsernsjef Roger Hoseth i meldinga.

Den 28 meter lange båten blei levert frå Fitjar Mekaniske Verkstad i fjor, og er oppgradert i år.

Publisert: 31.05.2021 11:36

Sist oppdatert: 31.05.2021 11:38

Mer om