Kort fortalt

Hofseth-selskap henta millionar

Vil utvikle legemiddel mot prostatakreft.

Marius Rosbach
17.08.2023

Hofseth Biocare melde tidleg torsdag at dei har henta inn 900.000 dollar – om lag 9,5 millionar kroner frå nye investorar til dotterselskapet HBC Immunology.

Det verdsett selskapet til 20 millionar dollar – om lag 210 millionar kroner, ifølgje børsmeldinga.

Pengane skal nyttast til å gå vidare med arbeidet med å finne eit legemiddel til prostatakreft-behandling.

HBC Immunology vart skilt ut frå Hofseth Biocare tidlegare i år, og selskapet vil vurdere å hente inn meir kapital utover hausten.

Hofseth Biocare satsar både på legemiddelutvikling og lagar produkt til helsekost- og kjæledyrmarknaden, medan HBC Immunology skal arbeide berre mot ein marknad, som kan gjere selskapet lettare å vurdere for potensielle investorar.

Publisert: 17.08.2023 10:10

Sist oppdatert: 17.08.2023 10:10

Mer om