Roger Hofseth foto Ogne
NYE PRODUKT: Storaksjonær og primus motor for Hofseth Biocare, Roger Hofseth. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hofseth Biocare skil ut prostata-selskap

Blir største eigar i amerikansk selskap.

15.05.2023

Hofseth Biocare skil ut forsking-og utvikingsarbeidet selskapet driv for å utvikle eit legemiddel til bruk i behandling av prostatakreft. Legemiddel er tenkt brukt saman med andre legemiddel.

Hofseth Biocare reknar med at sjansen for å lukkast med utvikle kommersielle produkt av prostata-prosjektet aukar ved å skille ut verksemda i eit eige selskap, basert i USA.

Verksemda blir overført til det det nyetablerte amerikanske selskapet HBC Immunology Inc. Hofseth Biocare skal i første omgang skal eige 75 prosent av aksjane.

Les børsmelding her

Hofseth Biocare vidareforedlar produkt basert på avskjer og restråstoff frå oppdrettsnæringa. Marknaden er helsekost- og kjæledyrfôr-bransjen, men selskapet har dei siste åra også sett i gang fleire prosjekt med mål om å utvikle produkt som kan bli godkjent som legemiddel.

Ny kapital
Legemiddelet HBC Immunology no skal arbeide vidare med å utvikle er tenkt som eit legemiddel som blir brukt saman med andre legemiddel til behandling av prostatkreft.

Hofseth Biocare skal eige HBC Immunology Inc saman med Bomi Framroze (25 prosent), Framrozes er vitskapeleg sjef i Hofseth Biocare. Han skal eige aksjane gjennom sitt eige selskap, GPH Biotech LLC.

I neste omgang er planen å hente inn meir kapital frå nye investorar. Hofseth Biocare reknar med å eige over 50 prosent av HBC Immunology etter to rundar ned kapitalinnhtenting frå nye investorar, skriv selskapet i børsmeldinga.

85 millionar
HBC Immunology er verdsett til 12,5 millionar dollar i transaksjonen. Det tilsvarar omlag 85 millionar kroner.

Hofseth Biocare kan bokføre ein gevinst på 21 millionar kroner.

Selskapet RH Industri eig 17,54 prosent av aksjane i Hofseth Biocare. RH Industri er eigd av eit selskap eigd av Roger Hofseth. Hofseth International, der selskap eigd av Roger Hofseth eig 45 prosent, har ein aksjepost på 14,98 prosent i Hofseth Biocare.

Publisert: 15.05.2023 09:09

Sist oppdatert: 15.05.2023 09:10

Mer om