Kort fortalt

Hopp for Ap - fall for Høgre

Arbeidarpartiet gjer den beste kommunevalmålinga så langt i år med ei oppslutning på 24,5 prosent.

24.04.2023

Partiet nærmar seg dermed valresultatet for fire år sidan.

Det viser Vårt Lands aprilmåling gjennomført av Norstat.

Arbeidarpartiet er berre 0,3 prosentpoeng bak valresultatet i 2019. Så høgt har ikkje Ap vorte målt i 2023. Resultatet frå førre kommune- og fylkestingsval var rett nok det verste i historia til partiet, men dei var med 24,8 prosent største parti, og saman med makkerar tok dei makta i dei største byane.

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning meiner aprilmålinga ber bod om eit spennande kommuneval. Særleg i dei store byane.

– Der har Ap makta mange stader, Høgre vil sikkert gå fram, men det er ikkje garantert borgarleg fleirtal av den grunn, fordi Frp ikkje mobiliserer på same måte, seier Bergh.

Aps lokale veljarar er langt meir tru mot partiet enn «stortingsveljarane». Berre nokre få tusen er usikre og er på gjerdet, og lekkasjen til Høgre er berre halvparten så stor.

Situasjonen er annleis for Senterpartiet. Dei går ørlite tilbake frå mars og landar på 8,2 prosent.

I 2019 gjorde dei sitt beste kommuneval nokosinne med 14,4 prosent og stal veljarar frå både Ap, Høgre og Frp. Desse tre partia har i sum henta tilbake over 100.000 veljarar frå 2019. Høgre forsyner seg mest.

Erna Solbergs parti fekk rekordtal over 30 prosent i mars, men rykkjer no 3,2 prosentpoeng tilbake.

Heile målinga (endring frå mars i parentes):

Raudt 4,2 (-0,5), SV 6,8 (-0,8), Ap 24,5 (+1,5), Sp 8,2 (-0,4), MDG 6,3 (+2,6), KrF 2,9 (-0,6), Venstre 3,3 (+0,6), Høgre 28,3 (-3,2), Frp 8,4 (-0,9), INP 2,4 (+1), PP 0,9 (+0,5). Demn (0,3 (+0,3), andre 3,4 (-0,3).

Publisert: 24.04.2023 08:39

Sist oppdatert: 24.04.2023 08:41

Mer om