Kort fortalt

Hopp for Norwegian

Norwegian auka passasjertalet med 83 prosent i februar.

06.03.2023

Norwegian hadde 1,2 millionar passasjerar og ei fyllingsgrad på 84 prosent i februar. No førebur selskapet å auke kapasiteten imot sommaren.

Passasjertalet i februar er 83 prosent opp frå førre 2022.

– Vi er fornøgde med trafikktala denne månaden, ikkje minst med ei fyllingsgrad på 84 prosent, seier Geir Karlsen, konsernsjef i Norwegian, i ei pressemelding.

Mange reisande har brukt vinterferien dei siste vekene på å bestille flyreiser til påske, til langhelgar i mai og sommaren.

Sommarrutene startar opp allereie i slutten av mars.

– Med dette svarer vi på den sterke etterspurnaden vi no ser i bookingtala våre.

I februar hadde flyselskapet i snitt 64 fly i drift, og 99,4 prosent av oppsette flygingar vart gjennomførte. Punktlegskapen, som er eit mål på talet på avgangar som skjer innan 15 minutt etter ordinær tid, var i februar 85,4 prosent.

Publisert: 06.03.2023 09:17

Sist oppdatert: 06.03.2023 09:18

Mer om