Kort fortalt

Hotellprisane flatar ut

Auka mindre enn prisveksten generelt i november.

08.12.2023

NPK-NTB: Prisane for eit hotellrom i dei største norske byane ser ut til å stabilisere seg etter år med vekst.

Prisen på eit hotellrom i storbyane er opp 30–40 prosent sidan før pandemien, men no stoppar prisgaloppen, skriv Dagens Næringsliv.

60 prosent av 65.000 hotellrom var leigde ut i november. Det er på nivå med i fjor, og berre to prosentpoeng svakare enn før pandemien.

Prisane steig i november òg. Eit hotellrom i Tromsø kosta då vel 1600 kroner, medan eitt i Oslo kosta 1400. Samanlikna med november i fjor, er prisveksten beskjeden. Einaste unntak er Tromsø.

I snitt har prisauken vore tre prosent det siste året, noko som er under prisveksten i samfunnet totalt.

Publisert: 08.12.2023 08:17

Sist oppdatert: 08.12.2023 08:17