Kort fortalt

Hurtigruten ferdig etterforska

Innstilling frå politiet ferdig før jul etter smitteutbrot.

18.11.2021

Etterforskinga av Hurtigruten etter smitteutbrotet på MS Roald Amundsen er ferdig og blir truleg oversend statsadvokaten før jul.

Det opplyser etterforskingsleiar Lisa-Mari Ellingsen til NRK torsdag.

– Saka er ferdig etterforska. Politiet vil sende ei innstilling, som forhåpentleg vil vere klar før jul, seier ho.

Politiet innleidde etterforsking av selskapet i august i fjor, etter koronautbrotet der 71 personar frå sju ulike fylke vart smitta.

MS Roald Amundsen hadde koronasmitte om bord då det la til kai i Tromsø i juli i fjor. I etterkant har det komme fram opplysningar om at leiinga i Hurtigruten skal ha mistenkt at det var smitte om bord, men at det ikkje vart gitt varsel til styresmaktene i Tromsø.

Politiet har arbeidd med saka ut frå føresegnene i straffelova om smitteoverføring, smittevernlova og skipstryggingslova. Ellingsen seier politiet per no ikkje kan seie noko om kva dei har funne ut.

– Eg kan ikkje kommentere innhaldet i etterforskinga. Det får vi heller komme tilbake til når saka er påtaleavgjort, seier ho.

Publisert: 18.11.2021 12:39

Sist oppdatert: 18.11.2021 12:40

Mer om