(NPK-NTB): Snø og vind gjer at Hurtigrutens MS Polarlys' avgangar mellom Bergen og Trondheim denne veka blir innstilte.
Mellom 2. og 5. januar er anløpa begge vegar innstilte, skriv Hurtigruten på nettsida si.
Søndag ettermiddag klokka 12.45 er det planlagt at skipet skal ta opp att normal rute frå Trondheim på nordgåande segling.
(©NPK)
Publisert: 02.01.2025 10:08
Sist oppdatert: 02.01.2025 10:08