Kort fortalt

Hurtigruten lanserer tre nye ruter

Gir gjestane større valfridom.

12.02.2026

(NPK-NTB): Hurtigruten tilbyr tre nye ruter – ei fjordsegling frå Bergen, ei rundreise i Nord-Noreg med start og slutt i Tromsø og ei rute mellom København og Tromsø.

– Hurtigruten opplever rekordhøg etterspurnad frå både norske, skandinaviske og internasjonale reisande. Ikkje minst opplever vi at stadig fleire ynskjer større valfridom. Difor tilbyr vi no ulike kombinasjonar av høgdepunkta frå den vakre kysten vår, som gir gjestene våre eit høve til å oppleve fjordar og kystsamfunn i eit rolegare tempo, seier konsernsjef Hedda Felin i Hurtigruten i ei pressemelding.

Dei tre nye rutene er:

  • Ei fjordsegling frå Bergen, som tek gjestene innom fjordar som Hardangerfjorden, Sognefjorden og Nordfjord.
     
  • Ei rundreise i nord med start og stopp i Tromsø, som mellom anna går innom Narvik, Lofoten og Alta, og som også inkluderer eit stopp i Honningsvåg, med moglegheit for utflukt til Nordkapp.
     
  • Og ei segling frå København til Tromsø via Nordkapp, med stopp i mellom anna Bergen, Ålesund og Svolvær.

Alle dei tre seglingane vert gjennomførte med skipet MS «Trollfjord», skriv Hurtigruten.

(©NPK)

Publisert: 12.02.2026 09:48

Sist oppdatert: 12.02.2026 09:48

Mer om