Kort fortalt

Hurtigruten med milliardunderskot

Likevel er finansdirektøren optimistisk.

27.11.2020
(NPK): Hurtigruten annonserte eit underskot på 43 millionar euro, tilsvarande 454 millionar kroner, før skatt for tredje kvartal. Likevel er finansdirektøren i selskapet optimistisk.
Dei tre første kvartala i år har Hurtigruten tapt 102 millionar euro, som svarer til 1,1 milliardar kroner, skriv .
– Vi står midt i ein global pandemi, og driv innan reiseliv i ei verd der alle blir bedne om ikkje å reise. Sånn sett er vi greitt fornøgde med resultata, og med effektive vaksinar mot korona på veg, ser vi lyset i tunnelen, seier finansdirektør Torleif Ernstsen, til E24.
Sjølv om dei har fleire tøffe månader i vente, ser dei fram mot at det kjem ein vaksine. Bestillingar fram i tid, gjer òg at selskapet ser lys i virus-tunnelen.
– Det som er veldig positivt for oss, er at bestillingar for andre halvår 2021 og heile 2022 ser veldig bra ut. Dei er høgare enn samanlikna med same tidspunkt i fjor, seier Ernstsen.
Han fortel at bestillingar for 2022 ligg 100 prosent høgare enn det som var tilfelle for 2021 på same tid i fjor.
(©NPK)

Publisert: 27.11.2020 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24