Kort fortalt

Hurtigruten-støtte til lokalmiljø

Reiarlaget markerer 130 år.

03.04.2023

(NPK): I anledning Hurtigruten si 130-årsfeiring vil dei i år opne for at mellom anna fotballag og korps kan søke om støtte frå dei. Det skriv reiarlaget i ei pressemelding

Hurtigruten Norge vil gi eit økonomisk bidrag til lokale initiativ i inntil ti av Hurtigruten sine hamner.

Søknader kan kome frå frivillige lag og foreiningar i lokalsamfunn langs kysten, med søknadsramme på inntil 20.000 kr. Innvilga støtte kan brukast av laget eller foreininga slik dei ønskjer, i den lokale butikken sin.

– Det er lokale bedrifter, butikkar og lokallag som skaper dei unike opplevingane som norske og internasjonale reisande kjem for, og som dei ikkje finn nokon annan stad. Som ei takk for samarbeidet gjennom 130 år ønskjer vi å gi noko tilbake, seier Hedda Felin, administrerande direktør i Hurtigruten Norge.

Søknadsskjema finst på Hurtigruten Norge si nettside, og må sendast innan 10. mai.

(©NPK)

Publisert: 03.04.2023 10:21

Sist oppdatert: 03.04.2023 10:21

Mer om