Hurtigruten vil ha store segl og batteri
Målet om å segle utsleppsfritt i 2030.
(NPK-NTB): Innan 2030 ønskjer Hurtigruten å segle langs norskekysten med skip utan utslepp. No blir splitter nye nullutsleppsskip utvikla for selskapet.
I samarbeid med forskingsinstituttet Sintef og tolv andre norske partnarar er Hurtigruten i gang med å utvikle nullutsleppsskip spesialtilpassa norskekysten. Målet er å ha det første skipet klart til å segle innan 2030, skriv Hurtigruten Norge i ei pressemelding.
Hurtigruten skriv at skipet, som ikkje berre får nytt design, også skal vere spekka med toppmoderne teknologi, enorme batteripakkar, moderne segl og integrerte solcellepanel som skal gjere det mogleg å segle utsleppsfritt mellom Bergen og Kirkenes.
Selskapet skriv at dei framtidige hurtigruteskipa vil vere elektriske, utstyrt med batteri som blir lada når dei ligg til kai.
– Planane inkluderer innovative løysingar som toppmoderne batteripakkar på 60 megawatt, moderne segl, solcellepanel integrert i segla, kunstig intelligens for å hjelpe til med manøvrering og kontraroterande propellar, skriv Hurtigruten.
I dag er berre 0,1 prosent av alle skip i verda bygde med nullutsleppsteknologi.
– Vi har teke på oss ein ambisiøs jobb, men som bransje er vi forplikta til å ta tunge klimagrep. Vi meiner samtidig norskekysten legg godt til rette for å utvikle og segle utsleppsfrie passasjerskip. Om få år vil ein ny generasjon skip segle langs kysten, seier Gerry Larsson-Fedde, Chief Operating Officer i Hurtigruten Norge.
(©NPK)
Publisert: 07.06.2023 14:59
Sist oppdatert: 07.06.2023 14:59