Kort fortalt

Hydro: – Vi er ramma av eit løysepengevirus

Stort dataangrep mot Hydro.

19.03.2019
NPK-NTB: Hydro er ramma av eit løysepengevirus, stadfestar finansdirektøren til selskapet Eivind Kallevik. Han beskriv situasjonen som svært alvorleg.
– Rundt midnatt norsk tid oppdaga IT-ekspertane våre uvanleg aktivitet på serverane i det globale IT-systemet vårt. Det viste seg at Hydro var ramma av eit alvorleg dataangrep, sa Kallevik på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.
Han legg til at det dreier seg om eit såkalla krypteringsvirus, òg kjent som ransomware eller løysepengevirus.
– Etter angrepet har vi arbeidd med å isolere og nøytralisere viruset. Alle anlegg er isolerte, og det ser ikkje ut til å ha ramma utanfor Noreg, seier Kallevik.
Han legg til at det heller ikkje har vore nokre «sikkerheitsrelaterte hendingar» etter viruset, men seier det gjer både administrasjon og produksjon vanskeleg fordi nettverket er slått ut.

Publisert: 19.03.2019 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35