Hydroniq-kontrakt på Myklebust
Fjerde på rad til Sølvtrans-båt.
Myklebust Verft har tildelt Ellingsøy-selskapet Hydroniq Coolers ein kontrakt for å levere selskapets skrogintegrerte sjøvasskjølingssystem til den fjerde brønnbåten på rad som verftet byggjer for Sølvtrans.
– Fire nybygg på rad understrekar offensiviteten til Sølvtrans og leveranseevnen til Myklebust Verft. Vi anser det som eit kvalitetsstempel at vi blir vald som underleverandør på den fjerde brønnbåten på rad, seier Magnar Kvalheim, salssjef hos Hydroniq Coolers, i ei pressemelding.
Nybygget er det fjerde i rekka av ein serie brønnbåtar som Sølvtrans har under byggingen ved verftet i Gursken. Designet er basert på Kongsberg NVC 390 LFC og er utvikla i nær dialog mellom Sølvtrans, Kongsberg og Myklebust.
Publisert: 02.06.2021 17:11
Sist oppdatert: 02.06.2021 17:15