Kort fortalt

Hyllar norsk torsk

Britisk berekraftsguru er imponert. 

25.11.2019
(NPK): Den britiske avisa The Guardian har i ein fersk artikkel lista opp dei ti mest kontroversielle matvarene i verda. Torsk er inne på lista, men ikkje den norske.
– Eg kjøper berre torsk som er fiska i Noreg, seier kjendiskokk og berekraftsguru Adam Handling til
Norsk torsk er langt frå kortreist for britane. Men den scorar svært høgt på berekraftsskalaen, ifølgje Handling.
– I Noreg sørgjer kvotesystemet for at bestanden blir halden oppe, seier han.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) er nøgd med den positive omtalen norsk torsk får i den britiske storavisa.
– Det er svært hyggeleg at dette også blir lagt merke til internasjonalt, seier Nesvik til
(©NPK)

Publisert: 25.11.2019 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31