Kort fortalt

Håvar inn på kongekrabbe

– Det blir eit sjeldan godt år.

26.09.2022

(NPK-NTB): Norske fiskarar opplever rekordhøge prisar og det beste året i historia i inntening. Fiskarane får mellom anna rundt tusen kroner per kongekrabbe.

– Det blir eit sjeldan godt år, på alle måtar, seier fiskar Hans Petter Rasmussen til iTromsø.

Han fortel at han aldri har fått så høg pris for fisken som i år.

Fiskarane har selt fisk for over 14 milliardar kroner hittil i år. Det er meir enn heile fjoråret totalt, og fire milliardar kroner meir enn på same tid i fjor.

Krig og korona har ført til mangel på råvarer og kraftig prisauke på fisk. Prisen på torsk har auka 50 prosent, frå 24 til 36 kroner kiloen. Torsk er den viktigaste inntektskjelda til dei fleste fiskarane i Noreg.

Men også kongekrabben byrjar å gi inntekter som monnar. Ein vanleg kongekrabbe veg rundt 2,2 kilo. Kiloprisen har lege på 480 kroner, prisen har dermed stige med 200 kroner og 70 prosent frå i fjor til i år.

I butikkane kostar kongekrabbe no 1.000 kroner per kilo.

(©NPK)

Publisert: 26.09.2022 09:19

Sist oppdatert: 26.09.2022 09:25

Mer om