Kort fortalt

Høg aktivitet i industrien

Trass nedgang, meiner økonomar tala tyder godt.

03.01.2022
(NPK-NTB): Innkjøpssjefsindeksen for norsk industri (PMI) fall med 5,9 poeng til 58 poeng i desember, men økonomane meiner tala tyder på god aktivitet.


Seniorøkonom Kyrre Amdal i DNB markets, som står for undersøkinga saman med Norsk forbund for innkjøp og logistikk (Nima), påpeikar at svardelen var halvert i november, då PMI-talet var på det høgaste sidan juli 2017.

– Desembertala støttar opp under ein minkande tendens i PMI-ein sidan sommaren. Nivået er likevel høgare enn normalt, og indeksen peikar mot vidare oppgang i industriaktiviteten ved utgangen av 2021, skriv han i ei pressemelding, ifølgje E24.

Indeksen for leverandørleveringstid gjekk på si side tilbake med 2,1 prosent frå «et svært høgt nivå i november». Aamdal seier at mange bedrifter melder om høgare prisar på innsatsvarer, og lang leveringstid.

– Det støttar opp under biletet vi ser frå andre internasjonale undersøkingar om flaskehalsar og lang leveringstid. Det er noko som kan vere med å dempe aktiviteten også her heime, seier Aamdal.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2022 11:14

Sist oppdatert: 03.01.2022 11:16

Mer om