Kort fortalt

Høgaste oljepris sidan 2013

Og gassprisen er rekordhøg.

Marius Rosbach
03.03.2022

(NPK): Oljeprisen har ikkje vore høgare sidan 2013, medan gassprisen er rekordhøg.

Det kjem som følgje av at marknaden er skeptisk til å kjøpe og selje russisk olje, skriv NRK.no.

Råvareanalytikar Bjarne Schieldrop i SEB seier til NRK at knapt nokon vil handle med russisk olje i frykt for at han blir bannlyst.

– Folk er livredde for å ta i oljen til Russland. Det skapar ein enorm mangel på olje på marknaden, seier Scheildrop.

Onsdag var prisen på nordsjøolje på 110 dollar fatet, som var opp 1,75 prosent.

(©NPK)

Publisert: 03.03.2022 10:02

Sist oppdatert: 03.03.2022 10:03

Mer om