Kort fortalt

Høge lydar frå Lepsøybrua

Spesielle og støyande lydfenomen frå nyopna bru

NPK
11.02.2022

Den nyopna Lepsøybrua i Ålesund kommune lagar høge fløytelydar og drønn når det bles i ei spesiell vindretning.

– Det er eit unisont brøl frå heile brustrekninga, fortel nabo Rune Stene til NRK. Det var avisa Nordre som først fortalde om saka.

Stene bur to kilometer unna i luftlinje. Etter at rekkverka på brua blei montert, høyrde han plutseleg lydar når det var uvêr, alt etter kva retning vinden kom frå.

Stene har også flytrafikk over hustaket sitt, men til tider overdøyver brua lyden av fly som går inn for landing.

Lepsøybrua er ein del av milliardprosjektet Nordøyvegen, som gir fastlandssamband til 2.700 øybuarar.

Prosjektleiar Marianne Nærø, seier at dei først blei klar over problemet då naboar eit stykke unna tok kontakt. Dei veit ikkje hundre prosent kva som er årsaka til lyden.

– Vi er i dialog med entreprenøren og vil i første omgang prøve å montere ei list under topprekkverket på brua. Vi ønskjer ikkje at det skal kome lyd frå brua vår, så derfor tok vi tak i det med ein gong, seier Nærø til NRK.

Publisert: 11.02.2022 08:12

Sist oppdatert: 11.02.2022 08:13

Mer om