Høgre finn plass til skipstunnelen
La fram alternativt budsjett.
(NPK-NTB): 200 millionar til vidare utgreiing av ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss finn vegen inn i Høgres forslag til alternativt statsbudsjett. Det skriv NRK.
Partileiar Erna Solberg seier at det vil vere særs øydeleggjande for prosjektet om budsjettforslaget frå regjeringa blir vedteke.
– Dei må få pengar til å planleggje ferdig, så kan heller byggjestart vente om budsjetta er like stramme om nokre år, seier ho.
Pengar har partiet også funne til Ringeriksbanen, Hordfast og Stad skipstunnel. Solberg seier partiet skal bruke mindre i offentleg sektor for å få råd.
– Vi vil effektivisere meir, og så er det nokre område i samferdselssektoren der vi er samde i at vi ikkje skal setje i gang store, nye prosjekt.
(©NPK)
Publisert: 18.11.2022 14:31
Sist oppdatert: 18.11.2022 14:32