(NPK-NTB): Regjeringa samansett av Ap og Sp flytta 85 statlege arbeidsplassar ut av Oslo på vel tre år. På fire år flytta regjeringa til Erna Solberg (H) ut fire gonger så mange.
Ifølgje ein gjennomgang Nationen har gjort, flytta Solberg og regjeringa hennar 336 statlege arbeidsplassar ut av Oslo i sin første periode (2013–2017) og 385 i den andre perioden (2017-2021).
Nationens gjennomgang viser òg at Ap/Sp-regjeringa flytta eller etablerte 365 statlege stillingar utanfor Oslo, medan talet var 811 i Solbergs første periode.
– Ved førre val var nokre parti veldig opptekne av å svartmåla politikken vår og sjølv love gull og grøne skogar, også på dette området. Eg er mest oppteken av at me faktisk har politiske løysingar som gir resultat, seier Solberg.
Erling Sande i Sp var kommunalminister då partiet trekte seg frå regjeringa i januar i år. – og han avviser Solbergs framstilling.
– Verken Solberg-regjeringa eller den me deltok i, gjorde nok med tanke på utlokalisering av statlege arbeidsplassar. Senterpartiet går til val på å gjera meir, seier han.
(©NPK)
Publisert: 22.04.2025 09:14
Sist oppdatert: 22.04.2025 09:14





