Kort fortalt

Høgre får fylkesordføraren

Avtale mellom Høgre, Frp, KrF og Venstre.

12.09.2023

NPK-NTB: Høgres Anders Riise blir ny fylkesordførar i Møre og Romsdal. Det er klart etter at Høgre, Frp, KrF og Venstre er samde om å ta over makta i fylkestinget.

Dei fire partia har 24 plassar i fylkestinget når 98 prosent av stemmene er talt opp, skriv Sunnmørsposten.

Etter forhandlingar mellom partia er det klart at Høgres Anders Riise blir ny fylkesordførar i Møre og Romsdal. Avtalen sikrar at KrF og Venstre får ein plass i det viktige fylkesutvalet.

Publisert: 12.09.2023 08:57

Sist oppdatert: 12.09.2023 08:57