Kort fortalt

Høgre klar for lakseskatt-forlik

Men Helge Orten vil ha fleire endringar.

26.01.2023

Høgre er tilfreds med endringane regjeringa har varsla i lakseskatten og avviser ikkje eit forlik i Stortinget, skriv Klassekampen.

Havbruksnæringa har protestert på at skatten skal vere basert på kva laksen kostar på Nasdaq-børsen. No har næringspolitisk talsperson i Senterpartiet Geir Pollestad stadfesta at det ikkje vil skje.

Finanspolitisk talsperson for Høgre Helge Orten, seier retretten er eit steg i rett retning, men meiner det må større endringar til dersom regjeringa ønskjer eit forlik med Høgre.

– Om regjeringa ønskjer eit breitt forlik, gjer dei lurt i å lytte til fleire av dei innspela som har komme i høyringa, seier han til Klassekampen.

Pollestad vil ikkje kommentere korleis den politiske behandlinga av saka i Stortinget blir før dei har gått gjennom høyringsinnspela. Men han lovar at saka skal behandlast i vår.

– Vi er veldig opptekne av å lande dette i god tid før jonsokbålet blir tent, seier han.

Publisert: 26.01.2023 08:35

Sist oppdatert: 26.01.2023 08:38

Mer om