Kort fortalt

Høgre vil forlenge straumordninga

Vil fremje fleire forslag.

16.09.2022
(NPK-NTB): – Vi er usikre på om regjeringa eigentleg har oppfatta alvoret, seier Høgres Nikolai Astrup om straumstøtteordninga til regjeringa.

Høgres energipolitiske talsperson påpeikar at ein allereie no veit at mange bedrifter går ein krevjande vinter i møte, og at det vil ta tid å etablere ein velfungerande marknad for fastprisavtalar.

– Det er for tidleg å avslutte ordninga allereie ved nyttår, meiner han.

– Når det er sagt, er eg glad for at regjeringa endeleg har landa ei straumstøtteordning for bedriftene, som Høgre har bede om sidan før juli i fjor. Regjeringa er bakpå, og det kjem av at dei har brukt meir tid på å sjå i bakspegelen enn å sjå den krisa som ligg framfor oss, seier Astrup.

Høgre varslar at dei kjem til å fremje fleire straumforslag når Stortinget møtest måndag.

(©NPK)

Publisert: 16.09.2022 11:00

Sist oppdatert: 16.09.2022 11:01

Mer om